Velkomen til gudsteneste søndag 25.april kl 11. Pastor Jens Thoresen vil tala om Tomas som ikkje fekk seg til å tru at Jesus hadde stått opp frå dei døde. Han hadde ikkje vore i lag med dei andre dne første påskedagen då Jesus hadde openberra seg for dei. Difor måtte han venta ei veke for å få SI personlege oppleving av Jesus. Frå den dagen av tvilte han aldri meir. Han vart ei kjempe i Guds rike. På søndag skal me gå djupare inn i teksten i Johannes 20,24-31. Det blir spennande.
Jens ThoresenAuthor Archives
Gudsteneste 18. april
Så er det endeleg bestemt at me igjen kan samlast til gudsteneste på vanleg måte. Du og dine er hjarteleg velkomen, og me startar som vanleg klokka 11. Denne gudstenesta vil også bli overført direkte på Kristkyrkja si facebookside. Det er pastor Jens Thoresen som skal tala, og teksten er Johannes 20,19-23, ein tekst som meir enn noko lærer oss kva ei gudsteneste er og skal innhalda. Vel møtt!