Regjeringa har vedteke forskrifter som gjer det umogeleg for oss å samlast til gudsteneste i kyrkja. Det betyr at gudstenestene dei to komande søndagane anten vert digitale eller utandørs dersom det vert turvær. Følg med!
Jens ThoresenAuthor Archives
Gudsteneste 3.søndag i advent
Komande søndag, den 13.desember er du velkomen til gudsteneste kl. 11. Det er pastor Jens Thoresen som skal tala. Teksten er Lukas 3,7-20.
Tekstane i adventstida er prega av eit visst alvor. Slik også søndagens tekst. Der møter me døyparen Johannes som talar til folket, og han er ganske direkte med dei. Kvar enkelt gruppe får klår melding om kva dei må gjera for å koma godt ut av det med Gud på dommens dag.
Det er dette universet me skal dukka inn i på søndag. Utfordrande? Ja. Men inspirerande også, for det er no slik med oss menneske at me let oss inspirera av utfordringar.