Jens ThoresenAuthor Archives
Stig Magne Heitmann talar på gudstenesta søndag 19.januar
Stig Magne Heitmann er fagleg leiar i organisasjonen Åpne Dører. Han reiser verda rundt for å besøka kristne som må lida overlast fordi dei står opp for Jesus, eller simpelthen fordi dei har ei kristen tru. Han har skrive mange bøker om forfølgde kristne, og den mest kjende er «Men Gud var ikke beseiret», ei bok som me vel kan kalla eit standardverk om kristenforfølging på norsk. Vel møtt i Kristkyrkja søndag kl.11. Etter gudstenesta inviterer me alle på middag. Du vil få verdas beste kjøttsuppe, og det er heilt gratis.
Nyttårshelsing
Godt nyttår 2020
Her kan du lesa om Ari Behn som sette oss alle i tenkeboksen, om Liverpooltrenaren Jürgen Klopp som er så tydeleg med kristentrua si og om korleis Bibelen ser på fenomenet «tid».
Gudsteneste 5.januar
Det blir gudsteneste for heile familien i Kristkyrkja den 5.januar kl 11. Då vil pastor Jens Thoresen tala om dei tre vismennene frå Austerland som kom for å tilbe Jesus og gje han gåver. Desse tre vil for all framtid stå som eit førebilete for alle verdas menneske. Vel møtt til ei fin stund i kyrkja.