14.april er det palmesøndag. Då vil Marit Helene Aas tala over Matteus 21,1-11. Palmesøndag rommar både ein feststemning hos Jesu disiplar og eit vemot hos Jesus sjølv. DEI trudde at tida var inne for eit gjennombrot for Guds rike, og dei tenkte at Jesus var komen for å setja seg på Davids kongsstol. Men Jesus visste at palmesøndag var starten på ei veke med konfrontasjonar, svik, radikale oppgjer, intens bønekamp, arrestasjon, avhøyr, pisking og krossfesting. Difor dette vemotet.
Velkomen til gudsteneste for heile familien!