21.juni 2024
Jens ThoresenAuthor Archives
Velkomen til St.Hansfeiring i Frelsesarmeen søndag 23.juni kl 16.
I år er me inviterte til å vera med å feira St.Hans saman med Frelsesarmeen i Vidstensvegen på Leirvik. Der er du velkomen kl 16. Ta med deg grillmat til deg sjølv, og litt i tillegg til folk som skulle dukka opp som ikkje har med seg grillmat. Pastor Jens Thoresen vil seia nokre velvalde ord om døyparen Johannes. Trur det blir interessant.
Velkomen til gudsteneste 23.juni kl 12
Pastor Jens Thoresen talar over Kolossarbrevet 4,2-6. Det er ein umåteleg interessant tekst som lærer oss mykje om korleis me skal leva for at lyset skal sigra over mørket i oss og rundt oss. Vel møtt!
GUDSTENESTE 16.JUNI kl 12
Alle er hjarteleg velkomen!
Pastor Jens Thoresen vil forkynna Guds ord. Det blir nattverd, forbønn og sosialt fellesskap over ein kopp kaffi.
GODHET 2024 i gong
I år blir Godhet avgrensa til to dagar, 5. og 6. juni. Me er no i full gong med å fiksa opp i ein hage, og vil bli ferdig med det i løpet av dagen i dag. Kristkyrkjefolk og andre er ivrig med.