Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Bøn for den verda me lever i

Gode Gud! Sjå i nåde til den verda me lever i. Gje ordet ditt framgang i alle folk og nasjonar, og aus din Ande ut over alle folkeslag, etter ditt eige ord i Joel 3.

Gje dine barn og di kyrkje fornying og forvandling, og samla oss under din kross og ditt overherredøme. Gjer oss sunne og sanne i tru, tilbeding, liv og lære.

Fyll kyrkja di med sanning, kjærleik og kraft.

Gje henne leiarar som elskar deg og ditt ord, som lever det dei lærer og som har gåve til å bringa ditt nærvær til menneska.

Gje oss som trur på deg naud for alle fortapte menneske.

Kall arbeidsfolk ut til din haust, og lat evangeliet om riket bli forkynt som eit vitnemål for alle folkeslag.

Lat religionane og ideologiane tapa si makt over menneska slik at dei overgjev seg til deg som har fått all makt i himmel og på jord.

Vern alle kristne minoritetar som er utsette for forfølging og trakassering, og gje underhald, glede, mot, tru, kraft og von til den lidande kristne kyrkja.

Gje frelse, velsigning og vern for Israels land og folk, og for alle verdas jødar, og eg ber om fred for Jerusalem.

Eg ber mot all den antisemittisme og antisionisme som reiser seg i våre dagar for å forstyrra dine planar med ditt kjære folk.

Må alle dine barn styrkast, reinsast og utrustast til å tena Jesus effektivt i denne tida.

Herre, bryt den ånd som styrer dei islamistiske sjølvmordsaksjonistane.

Må dine modige tenarar oppsøka dei islamistiske miljøa og ta autoritet over forvilla sjeler.

Eg ber om at nasjonalt og internasjonalt politi skal lukkast i kampen med vengjeklyppa og knekka mafiaorganisasjonane.

Eg  ber mot den ånd som styrer verdas barnepornoindustri, om opprulling av alle slike nettverk og om strenge straffer for alle som øydelegg barn.

Eg ber om effektivt vern for alle barn som står i fare for å bli utsette for fysiske og emosjonelle overgrep.

Eg ber mot den ånd som styrer produksjon, distribusjon og sal av all type pornografi.

Eg  ber mot all prostitusjon, trafficking og slavehandel.

Eg ber om respektfull og menneskeverdig handsaming av kvinner og barn i alle verdas land.

Eg ber om fred i alle land der krigen rasar.

Eg ber om ei rettferdig fordeling av verdas rikdomar og goder.

Eg ber mot den ånd som fremjar grådigskap og simpel utnytting av svake menneske.

Eg  ber mot den ånd som styrer og framverkar legalisering av fosterdrap.

Eg ber om vern for alle barn i mors liv.

Eg  ber mot den ånd som styrer produksjon, distribusjon og sal av narkotika.

Eg  ber mot den ånd som fremjar korrupsjon.

Eg ber om ærlege, kloke, rettsindige og ukorrupte politiske leiarar, og statsmenn med vilje og evne til å fremja rettferd og fred.

Eg ber om ærlege og moralsk høgverdige næringslivsleiarar som jobbar meir for å tena sine medmenneske enn si eiga lommebok.

Eg ber om eit sunt næringsliv som produserer naudsynte varer med høg kvalitet.

Eg ber mot all vondsinna spekulasjon.

Eg ber mot alt begjær og overforbruk.

Eg ber om kreative og intelligente løysingar på miljøproblema.

Høyr og bønhøyr meg for Jesu skuld, Amen!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?