Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Dagleg disippelbøn

Kjære Far i himmelen!

Velsign og bevar meg, lat ditt andlet lysa over meg og ver meg nådig, løft ditt åsyn på meg og gje meg fred.

Hald di hand over meg så kropp, sjel og ånd vert bevart ulastande til vår Herre Jesu Kristi dag.
Gje meg nåde til å leva til di ære i ord og gjerning, og gjer meg heil i mi ferd.
Gjev meg ein brennande kjærleik, ei sunn tru og ei levande von.
Gje meg frimot til å vitna om Jesus for dei menneska eg møter.
Hjelp meg å halda meg nær til deg så eg kan kjenna hjarteslaga dine og høyra røysta di.

Gje alle i familien min det vern dei treng for liva sine, og gje dei å veksa i nåde og kjennskap til Jesus og ha si glede i å hylla og tena han.

Gje kyrkjelyden min framgang. Ver oss nær når me møtest i Jesu namn, og syn oss herlegdomen din når me lovar deg, lyttar til ordet ditt, feirar nattverd og ber for kvarandre.  

Hald handa di over kongen og hans hus, statsministeren og regjeringa og dei som sit på Stortinget. Hjelp dei å tru på deg, søka deg og bøya seg for ditt ord. Gje dei visdom og rettsinn når dei skal fatta viktige avgjerder for land og folk.

Gje oss ei lov i dette landet som vernar livet frå unnfanging til naturleg død.

Gje oss også ei lov som avgrensar ekteskapet til ei pakt mellom èi kvinne og èin mann.

Lat evangeliet ha framgang på alle kontinent, og lat det stadig nå ut til nye folkegrupper.Vern Israels land og folk mot åtak og terror. Aus Anden din ut over dei slik at dei ser og forstår at Jesus er Messias, den levande Guds Son, at straffa låg på Han for at dei skulle ha fred, og at frelsa ligg i Han åleine. Må ditt ansikt lysa over Israel slik at heile verda kan sjå din herlegdom. 

Gje kyrkja  i Noreg ny vitalitet, og gje henne apostlar, profetar, evangelistar, hyrdar og lærarar som forkynner ordet slik at det trenger gjennom hos folk,  som eit tveegga sverd og dømmer hjartans tankar og råd, og ver du med og stadfest Ordet med under og teikn og mektige gjerningar som skjer i vår Herre Jesu Kristi namn.

Verna dei som vert forfølgde for Jesu namn skuld. Gjer dei kloke som slangar og einfelde som duer.

Gje kyrkja di sann einskap, slik at verda kan tru på Jesus, og ved trua ha liv i hans namn.

Utrust kyrkja med Andens gåver slik at ho vert bygd opp i kjærleik, og blir meir og meir lik Jesus i karakter, framtoning og funksjon, og gje oss som trur så stor naud for dei fortapte og forkomne, og så stor respekt for misjonsoppdraget, at me kryssar alle slags grenser og barrierar for å nå dei unådde menneska med evangeliet.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?