Gode Gud, velsign Noreg! Sjå i nåde til oss og før oss på dine vegar. Herre Jesus, Noregs sanne konge, må din herlegdom bli synleg i heile landet vårt, må namnet ditt helgast, riket ditt koma og viljen din skje i Noreg slik som i himmelen.
Reis opp di kyrkje i landet slik at me som kristne kan vera sanne disiplar av deg, godt grunnfesta i nåden, Bibelen og fellesskapet, truande menneske som strålar av Guds kjærleik og av Andens kraft og glede.
Må alle dine barn i Noreg vera fylte av Anden, og ha fokus på å vitna om di frelse, be for folk og gjera det gode.
Send oss apostlar, profetar, evangelistar, hyrdar og lærarar som kan forkynna Guds ord inn i folks liv med truskap, kløkt og autoritet.
Send oss ei djuptgripande vekking prega av djup bot, omvending, frelsesfryd og åndskraft.
Må kyrkjelydane og bibelskulane fyllast av folk som søker deg og di frelse, for seg sjølv og for andre, og gje alle kyrkjelydar og alt kristent lagsarbeid stor framgang.
Må Noreg igjen bli eit leiande misjonsland, og eit land som raust deler ressursane sine med dei fattige på kloden.
Må det veksa fram ei bønerørsle mellom dine barn som løyser ut ei elv av liv og velsigning over landet.
Må ditt namn og ditt ord bli akta høgt av alle, og må leiarar på alle nivå forstå at den store livsvisdomen er å henta i Bibelen, og at lydnad mot ditt ord er den einaste sikre vegen til suksess.
Så ser du at me treng ukorrupte og rettsindige leiarar som trur på deg og som elskar folket, og som er fornuftige nok til å søkja hjelp hos deg i små og store spørsmål.
Vern alle barn i mors liv mot abort, og gje alle gravide mot og kraft til å velgja livet framfor døden.
Må opinionen snu i abortspørsmålet slik at me kan få ei lov som effektivt vernar barnets rett til liv og framtid.
Må ekteskapet mellom kvinne og mann bli den einaste legitime samlivsform i Noreg.
Vern heimane mot strid og oppløysing.
Gud, syn deg som pappa for barn som har mista ein av foreldra sine, eller som er blitt svikta på ein eller annan måte. Ta deg også av enkjer og einslege forsørgarar, og ver eit sikkert vern for flyktningar og framande. Gjer det varmt i dette landet, og hjelp oss å ta vare på kvarandre.
Ver nær hos dei alvorleg sjuke med di lækjande kraft, og lat håpet frå evangeliet lysa for alle som sørgjer, og for dei som strir med døden.
Pass godt på barn og unge så dei ikkje vert utsette for overgrep eller mobbing. Gje dei sjansen til å bli kjent med deg slik at dei kan tru på deg, og æra og elska deg. Leid dei på dine vegar og lat det gå dei vel i livet.
Må Jesus vera synleg i aviser, radio, TV og på internett, og må dei store mediehusa vera meir opptekne av sanning og kvalitet i sitt journalistiske arbeid enn etter å jakta på billige sensasjonar.
Må kongen vår bli personleg kjent med deg, du som er kongen over alle kongar, og ikkje vera redd for å uttrykka trua si, og må kongehuset bli fridd frå all heidensk påverknad.
Ver med alle norske misjonærar, bevar dei i ei enkel og sann tru, og lat dei få oppleva stor framgang i tenesta si.
Ver med alle norske sjøfolk, trailersjåførar, folk i utanrikstenesta og nordmenn som sit i fengsel i andre land. Vern dei mot alle farar og før dei alle trygt attende til heimlandet.