O djupe løyndom, ufatteleg og utan opphav!
Du har skapt Adam i ditt bilete.
Gjennom din einborne Sons liding har du fornya skapninga.
Du gav menneska det evige livs klede
som ingen kan ta frå dei.
O heilag Ande, sann Gud!
Du fall over apostlane som eit teikn av eld.
Send kunnskapsgåvene over oss!
I din famn kviler himmelstjernene,
styrk hendene våre når me strekker dei ut i bøn!
Bøn frå armensk liturgi