Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

DiverseCategory Archives

Tale 21.august. Oppreist for å tena. Håkon C Hartvedt

Gudsteneste 21.august. Tale v/Håkon C Hartvedt


Komande søndag får me besøk av Håkon C Hartvedt. Me likar godt å høyra på Håkon, både når han talar, og når han spelar og syng songane sine. Håkon elskar Jesus og Guds ord, og difor har han alltid med seg ein bodskap frå Gud til oss. Vel møtt til alle.

Tema for dagens tale var «Guds nåde». Her kan du lytta

Strålande dag på Sæbø gard.

Sommaren kom litt seint i år, men i deg fekk med ein utruleg fin dag med 25 grader og vindstille. Gudstenesta var godt besøkt, og det var god grillstemning etterpå.

Evangeliseringsaksjon med fantastisk vær og mange gode samtalar

Evangeliseringsaksjonen 8.-12. august vart nett slik me hadde håpa på. Flott sommarvær, mange gode samtalar og ein god del nye kontaktar. Den siste dagen dukka det opp nokre frå kulturkommiteen på Stortinget som let seg inspirera av å møta oss. Dei var over seg av begeistring for at det fanst ei kyrkje som ville vera noko for folk der dei bevega seg til dagleg. Dei ville gjerne vera med på eit bilete saman med oss, og me fekk lov å leggja ut der det passa for oss, så her er to av tre, og så fekk Fredrik Fladmark og Jon Furdal også vera med, dei er to gode vener av oss 🙂

Velkomen til friluftsgudsteneste på Sæbø gard søndag 14.august kl 14.00

Tema for denne gudstenesta blir rett og slett «Guds nåde».

Mange lurer på korleis Gud er, og dei har mange ulike tankar rundt det. Men best ser me hans karakter i forteljinga om «den bortkomne sonen», og i morgon tek me utgangspunkt i denne fantastiske likninga som Jesus fortalde då han ville skildra Guds hjarta for folk.

Etter gudstenesta blir det grilling og fellesskap. Ta med grillmat. VEL MØTT!

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?