Pastor Jens Thoresen talar for store og små over emnet «då alt vart nytt».
DU ER HJARTELEG VELKOMEN MED ALLE DINE 🙂
Pastor Jens Thoresen talar for store og små over emnet «då alt vart nytt».
DU ER HJARTELEG VELKOMEN MED ALLE DINE 🙂
I påskehelga blir det gudstenester på LANGFREDAG og 1. PÅSKEDAG. Begge arrangementa startar kl. 11. Hjarteleg velkomen til alle. Det blir IKKJE gudsteneste palmesøndag.
Laurdag 2.april set me opp gatekyrkja på Leirvik torg. Der blir det utdeling av traktatar, evangeliepresentasjonar, sal av bøker, kaffidrikking og gode samtalar.
Her er ein av pamflettane som skal delast ut. Den handlar om ein fiffig ting historias beste boksar, Muhammed Ali, ein gong sa om vegen til himmelen. Klikk på linken under og få med deg kva han sa, og kva Guds svar på hans problem er: Muhammed Ali
Har du lyst å vera med? Møt opp i Kristkyrkja klokka 10 laurdag føremiddag.
Komande søndag er du velkomen med familie og vener til gudsteneste kl 11. Pastor Jens Thoresen vil tala over Lukas 12,13-34, ein tekst der Jesus åtvarar oss mot eigesjuke, og oppmuntrar oss til å gje Guds rike første prioritet og stola på Far i himmelen når det gjeld alt me treng for å leva. Han inviterer oss til eit dristig og utruleg innhaldsrikt liv.
Teksten i Lukas 10,1-12 og 17-20 handlar om då Jesus sende ut dei 72 disiplane sine, og dei kom glade tilbake.
Ved to høve sende Jesus ut disiplane sine for å forkynna evangeliet om Guds rike, lækja dei sjuke og setja fri dei bundne. Den eine gongen var det dei 12 som fòr av garde. Andre gongen var dei 72. Det illustrerer vekst. Kanskje var dei siste 60 ei frukt av disiplane si første misjonsreise? På søndag skal me snakka om kva dei 72 skulle gjera ute i landsbyane, og kva dei opplevde på reisa si. Det er ganske fascinerande. Og så skal me prøva å setja det heile inn i vår kontekst. For som Jesus sa til læresveinane etter at han hadde stått opp frå dei døde: «Som Far har sendt meg, sender eg dykk!» Og me kan spørja: Er dette ord som også gjeld oss? Og dersom det er slik: kor startar me? Kven går me til? Kom og lytt til mine betraktningar rundt dette, og ver med i lovsongen og fellesskapet.