Denne helga går Kristkyrkja og Frelsesarmeen saman og inviterer til ei oppbyggjeleg og inspirerande helg med Eivind Frøen. Frøen er ein pioner i Guds rike i Noreg. Han grunnla i si til Ungdom i Oppdrag, Asia Link og seinare China Care International, som han er leiar for i dag. Han reiser lange periodar i asiatiske land for å utrusta nasjonale kristne leiarar, ofte i forfølgde, uregistrerte og underjordiske kyrkjer. Eivind Frøen er ein fantastisk forkynnar, og ein forteljar av Guds nåde. Du vil ha stor glede av å lytta til denne mannen, og denne helga har du altså ein gylden sjanse til det.
Møta vert i Frelsesarmeen sine lokaler.
MØTEPROGRAM:
Fredag kl 19
Laurdag kl 16
Søndag kl 11
VEL MØTT!