Komande søndag er du hjarteleg velkomen med alle du kjenner til gudsteneste kl 11. Pastor Jens Thoresen vil tala over teksten i 2.Timoteusbrev 1,7-12, eit avsnitt som handlar om å vera ved godt mot fordi Jesus er større enn alle omstender som livet byr. Han har kalla oss med eit heilagt kall til å følgja og tena han. Det er eit stort privilegium. Alle syndene våre har han fjerna då han døydde for oss på krossen, og me får leva saman med han i ei fullkomen rettferd . Det er ganske stort altså.