DiverseCategory Archives
Gudsteneste søndag 17. februar, Såmannssøndagen
Søndag blir det gudsteneste for heile familien kl 11. Talar: Pastor Jens Thoresen. Tema for gudstenesta blir «Ein såmann gjekk ut for å så…..». Bibelen er Guds ord. Dette ordet er livgjevande og skapande. For oss er to ting viktige: At me tek imot Guds ord på ein rett og skikkeleg måte, og deretter at me sår det ut med raus hand. Dette skal me snakka om på søndag. Og så skal me ta opp ein kollekt til Det norske bibelselskapet. Dei gjer eit imponerande og viktig arbeid over heile verda, og i år er det snakk om å støtta bibelspreiing på Cuba. Vel møtt!
8.-10. februar: «Ekteskapet, barnet og Bibelen i ei kjønnsnøytral tid!»
Seminarhelg med Øivind Benestad.
Øyvind Benestad er leiar for organisasjonen «Mor-Far-Barn», og har i mange år stått heilt i fronten når det gjeld å fremja Bibelens bodskap om seksualitet, samliv og familiefellesskap.
Program for helga:
Fredag:
19.00: Undervisning for kristne leiarar. Påmelding til Jan Sigve Hystad (mail: jansigvehystad@gmail.com). Servering.
Laurdag:
Det blir barnepass heile dagen.
11.00: Kjønnskamp, kulturkamp og kristentro. Kva skjer?
11.50: Kort pause.
Kl 12: Utfordringen frå den radikale kjønnsideologien. Kva står på spel?
12.45: Lunsj (gratis)
13.30: Nytt åndsklima. Nye utfordringar. Kva kan me gjera?
14.20: Kort pause
14.30: Samtale med spørsmål. Kommentarar og innspel.
Søndag:
11.00. Gudsteneste. Søndagsskule under talen.