
I år blir det Godhet Stord 5. og 6. juni. Det er alt kome inn fleire flotte oppdrag som me kan påta oss. Meld deg på som Godhetsarbeider med å senda ein SMS til 47415864.
This gallery contains 8 photos.
Frå første minutt på konferansen sette Den Heilage Ande lovsongstonen. Kjetil Olsen leida eit team av drivande dyktige musikarar og songarar som gjennom helga løfta forsamlinga i heftig lovsong. Elles var konferansen prega av inderleg bøn, mektige syn, innsiktsfull forkynning og mengder med profetiske ord. Ranja er bøneleiar i Nasaret. Ho hadde ein sterk profetisk vinkling på dei to talane sine. Interessant å lytta til. Ole Petter Erlandsen hadde eit solid føredrag om den umiddelbare positive effekten som me kan… Continue reading
This gallery contains 8 photos.
Dagen starta med nattverd på kyrkjebakken utanfor Moster gamle kyrkje. Kyrkja var open slik at alle som ville kunne gå inn og sjå. Så samla alle seg ved kongesteinen for å be mot aust, som det står i kristenretten. Der las Alv Magnus også opp ei fråsegn på vegne av oss på bønekonferansen der me fråseier oss retten til å leva for oss sjølve i den tida som er att for oss. Pastor Jens Thoresen forretta nattverden for rundt 150… Continue reading
«Essensen i det Bibelen lærer oss om pinsen er at ein klår bodskap om Jesus Kristus saman med krafta i Den Heilage Ande gjer at Guds rike bryt gjennom i enkeltmenneskes liv og i heile samfunn.» forkynte Øystein Gjerme for eit nesten fullsett Moster Amfi i dag. For oss som var møtt fram var dette ei gudsteneste som vil sitja att i kroppen i lang tid framover.
23.mai 2024
18.mai 2024
16.mai 2024