Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Omvend dykk! Ein bibelrefleksjon

http://www.mediafire.com/download/h716e9kxdo4h9q3/Omvend_dykk%21.wav

Dei vise mennene frå Austerland. Ein bibelrefleksjon

http://www.mediafire.com/download/r3vsu1uspoh32lu/Vismennene.mp3

Dugnad

I går var det ein flott maledag, og me nytta høve til å ta ei maleøkt på kyrkja. Mange stilte opp, og me hadde det kjempekjekt i lag.

dugnad sept

Ingvild Nordfonn og Marit Aas

 

dugnad sept 2

Mehdi Saber

Oppløftande gudsteneste på Innvær bedehus søndag

Me fekk ei fin stund på Innvær bedehus på søndag. Godt for Kristkyrkja å få møta vener på Bømlo. Etter gudstenesta samlast nokre av oss til grilling hos Karin Rønningen på Sekk. Været var praktfullt, og det var reine sommarvarmen i hytteveggen.

Pastor Jens Thoresen talte over Johannes 4,1-26, om møte mellom Jesus og kvinna ved Sykars brønn. Her kan du lytta til den.
http://www.mediafire.com/download/oiptdebz9soihlj/Kvinna_ved_br%C3%B8nnen.mp

Sekk 4

Søndag 4. september feirar me gudsteneste i Innvær bedehus på Bømlo

Møte på Innvær 5.maiKomande søndag blir det gudsteneste på Innvær bedehus (nær Rubbestadneset). Det er første gudstenesta vår der. Me hadde eit familiemøte der i mai. Då håpar me på fullt hus og god stemning. Pastor Jens Thoresen skal tala over teksten i Johannes 4 om den samaritanske kvinna og Jesus. Ei rasande interessant forteljing som me har mykje å læra av.

Det vert også opplegg for barna. Vel møtt til alle! Gudstenesta startar kl. 11.

Tage Thoresen døypt til Kristus søndag

Tage blir døypt 1Vesle Tage Thoresen vart søndag døypt til Kristus. Det ei storhending for familien og kyrkjelyden. Me hadde ei god stund i kyrkja med mykje song og glede. Pastor Jens Thoresen talte over Johannes 3,1-18, der hovudpoenget hans var at me ikkje blir frelst ved å gjera så godt me kan, men ved å bli adoptert av Gud og fødde på nytt ved Den Heilage Ande. Det handlar om å ha namnet sitt i livsens bok og Gud i hjarta. For barn skjer det ved dåpen. For vaksne ved å lytta til evangeliet og ta imot.

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?