Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Bibelpod. 13.nov 2023

Gudsteneste søndag 12 november kl 12

Denne søndagen vil pastor Jens Thoresen tala over Kolossarbrevet 1,9-14. Dette er ein tekst som lærer oss korleis me skal be for kvarandre og for kyrkja over heile jorda. Les og tenk over teksten før du kjem. Det vil auka utbyte av gudstenesta. Kanskje Gud også vil gje deg noko som du skal dela med resten av kyrkjelyden.

Tale 5.nov. Jødiske høgtider i kristent perspektiv. Svanhild Jakobsen

Gudsteneste 5.november kl 12

Komande søndag, den 5.november, er du hjarteleg velkomen med stort og smått i huset ditt, til Gudsteneste i Kristkyrkja på Stord (Bjellandsvegen 51). Me får besøk av Svanhild Jakobsen frå Den norske Israelsmisjon. Dette skjer medan Israel er inne i si største krise på mange, mange år. Landet har mange behov, og me ber om at Israels Gud skal halda si gode hand over innbyggjarane, trøysta dei i sorga over sine døde og etablera fred med alle naboar. Men det djupaste behovet me har som menneske, anten me er jødar eller «heidningar», om me bur i Israel eller Noreg, er evangeliet om Jesus Kristus. Berre i han er frelse for alle folk. Og det er Israelsmisjonen sitt hovudfokus, utan at dei gløymer alle dei andre behova denne vesle nasjonen med den store historien har. Vel møtt til alle! KOLLEKT TIL ISRAELSMISJONEN

Tale Zoar 29.okt.2023


Gudsteneste 29.okt

I overmorgon reiser me til Halsnøy for å feira gudsteneste saman med venene våre på Zoar bedehus. Pastor Jens Thoresen skal tala over emnet «Sjå eg gjer noko nytt». Ferja går frå Skjærsholmane kl 09.55. Du er velkomen til å vera med. Med tanke på skyss, er det fint om du melder frå. Du kan senda SMS til 47415864 eller e-post til pastor@kristkyrkja.no

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?