Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Hjarteleg velkomen til familiegudsteneste 6. august kl 12

Kva er meininga med livet? er det mange som undrar på. Svaret er ikkje så vanskeleg. Det handlar ikkje om å bli rik, mektig, flink, populær eller lukkeleg, det handlar om å la seg elska av Gud, og dette er det me skal fokusera på i denne gudstenesta.

Sommarevangelisering dag 2

Dag to av Kristkyrkja si sommarevangelisering. Sjølv om det er lite folk på Leirvik, får me gode samtaler, og både i dag og i går har me bedd for folk som går rundt med smerter og sorg. Bøker blir selt, traktater utdelt, og elles blir folk traktert med vafler og kaffi. I morgon møter me opp igjen. Dersom du kjenner for det: be for oss at me skal nå inn til folk med evangeliet slik at dei tek imot Jesus. Som evangelistar treng me Andens keaft og utrustning. Be om det.

Evangeliseringsaksjon 31.juli til 4.august

Har du lyst å vera med? Ta kontakt. Tlf. 47415864. Mail: pastor@kristkyrkja.no

Sommarferie no. Neste gudsteneste blir 6.august

God ferie til alle.
Treng du nokon å snakka med i ferien, ta gjerne kontakt på telefon 47415864

Fersk episode i podkasten Bibel og bøn

24.juni 2023

Familiegudsteneste 25.juni

Komande søndag er du og familien hjarteleg velkomen til FAMILIEGUDSTENESTE kl 12. Etter gudsteneste blir det «kyrkjekafi» med rundstykker og mykje godt. Pastor Jens Thoresen skal tala.

Håpar å sjå deg då 🙂

 

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?