Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Bibel og bøn. Podkast

Tidlegare episodar finn du under menyen øvst til venstre på nettsida. 20.februar 2023

Familiegudsteneste 19.februar kl 12

Pastor Jens Thoresen

Søndag 19.februar er du velkomen til FAMILIEGUDSTENESTE kl 12. Tema for denne gudstenesta er GLEDE. Bibelen er full av ord om glede, og han er full av gledelege hendingar. Tenk berre på alle undera Jesus gjorde, og kor glade folk vart då. Og ikkje minst då læresveinane møtte han 1.påskedag. Det er lett å snakka om glede ut frå Bibelen, og dagens predikant, pastor Jens Thoresen, gler seg til det :). Etter gudstenesta vert det kyrkjekaffi. Det er fastelavnssøndag denne søndagen, og ei nybaka bolle vil gjera susen.

Gudsteneste søndag 12.februar

Komande søndag er du velkomen til gudsteneste kl 12. Då er det Knut Arve Nordfonn som skal tala Guds ord ord for oss. Det blir bra 🙂

Bibelrefleksjonar. Ein podkast

Eldre episodar finn du på menylinja oppe til venstre
12.februar 2023

Dagens tale om bryllaupet i Kana

Familiegudsteneste søndag 29.januar

Komande søndag er du velkomen til Familiegudsteneste kl 12. Det er pastor Jens Thoresen som har hovudansvaret for denne. Forteljinga denne søndagen er «Bryllaupet i Kana» då Jesus gjorde vatn til vin, ikkje berre for å redda ein fest, men for å fortelja heile verda at han er forvandlingens store meister, at han kan forvandla den enkelte av oss, ekteskap, kyrkjelydar, arbeidsplassar, ja, heile samfunn. Dette blir stas 🙂

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?