Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Bibel og bøn. Nyaste episode. Podkast

Eldre episodar finn du på menylinja øvst på sida
6.januar 2023

Godt nyttår!

Kjære lesar!

Må 2023 bli eit godt år for deg og alle du er glad i. Me lever i utfordrande tider. Gamle mørke åndskrefter har reist seg i verdspolitikken, Ukraina er blitt overfalt, og den globale freden er truga. På denne mørke bakgrunnen er det me dette året feirar både jul og nyttår. I 2023 blir det viktigare enn nokon gong at me held oss nær til Jesus, ber for verda, forkynner fredens evangelium og mobiliserer for å hjelpa dei som er råka av krig og ulukke. Slik kan dette bli eit spennande år. I Ukraina vender folket seg til Gud, og det blir fortalt om under som skjer. Tenk om folk i Noreg også i større grad kan begynna å orientera seg mot Gud? Det er vårt håp og vår tru at det skal skje, og det er det me arbeider for også dette året. På julafta tente me T-lys i Kristkyrkja og plasserte på ein kross av stein som eit symbol på at lyset og håpet for oss menneske er å henta frå Kristi kross. Der, i lyset frå Kristi kjærleik, blir vondskapen avslørt som det han er, og me held oss til «ordet om krossen» som har kraft i seg til å frelsa alt som frelsast skal.

 

Bibel og bøn. Nyaste episode.

30.desember 2022. Eldre episodar finn du øvst til venstre på menylinja

Dagens tale

Bibel og bøn

14.oktober
Tekst: Salme 112,1-3. Bøn for Romania.

Neste gudsteneste i Kristkyrkja blir den 16.oktober

Du er hjarteleg velkomen til gudsteneste komande søndag klokka 11. Pastor Jens Thoresen vil tala om kva kristen tru er når alt kjem til alt.

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?