Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Gudsteneste 21.november

Komande søndag er du igjen velkomen til gudsteneste i Kristkyrkja kl. 11. Teksten for dagen er Markus 2,1-11. Me kjem framover til å fokusera på Jesu lækjedomsunder. Denne sida av hans teneste var formidabel. Store deler av dagane hans gjekk med til å tena dei sjuke. Dette var ikkje noko han reklamerte med. Tvert om. Det berre vart slik fordi jungeltelegrafen fungerte så bra, då som no. Med tanke på at kyrkja er Kristi kropp, er det underleg at me ikkje brukar meir tid på denne tenesta, og ved å snakka om dette, trur eg det kan koma til ei endring. Vel møtt på søndag. Det blir ei gudsteneste som kjem til å passa godt for barn

Gudsteneste 14.november.

Komande søndag blir det gudsteneste kl 11. Då blir forteljinga om Sakkues i Lukas 19 utgangspunktet for talen. Sakkeus hadde blitt biten av ein lidenskap: Han berre MÅTTE sjå Jesus. Men det han fekk erfara vår langt over alle forventningar. Denne enkle forteljingar han mange gode poeng som høver både for små og store.

Vel møtt i fellesskapen.

Gudsteneste søndag 7.november. Endring

Søndag 7.november feirar me gudsteneste for heile familien saman med indremisjonsvenene våre i Salem på Moster. Der vil eg tala om «den kristne fellesskapen». Håpar mange har lyst å vera med. Gudstenesta startar kl 11.

Bibel og bøn





Gudsteneste med hausttakkefest 30.oktober

 

På gudstenesta komande søndag skal me feira hausttakkefest. Under gudstenesta vil me gje rom for alle som ønskjer å fortelja om gode ting som har skjedd i livet i løpet av 2021, ting det er verd å takka Gud for, ting som me identifiserer som Guds omsorg for oss.

Pastor Jens Thoresen vil då også tala om takknemlighet, som forresten er eit takknemlig emne å tala om.

Etter gudstenesta dekkar me bugnande bord med frukt og grønt som me kan nyta med stor glede.

Velkomen til Bjellandsvegen 51 kl. 11.

Neste gudsteneste blir den 24.oktober

Det er Knut Arve Nordfonn som kjem til å ha hovudansvaret for denne gudstenesta som vil bli prega av både Guds ord og sosialt fellesskap. Alle er hjarteleg velkomen!

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?