Gudsteneste søndag 25.oktober
Velkomen til gudsteneste 25.oktober kl. 11. Pastor Jens Thoresen vil tala over Matteus 5,1-11, som er innleiinga til Bergpreika. Der definerer Jesus eit lukkeleg liv, og han skildrar korleis hans disiplar er, kva som særpregar dei, og ut frå denne teksten kan me sjå om me er på den rette vegen, eller om me har spora av.
Ei bøn til dagleg bruk
Oppstadne Jesus Kristus, min Herre og min Gud! Eg lovar og prisar deg, hjarteven og frelsarmann, du som har fridd meg frå alle mine synder med ditt blod, og gjeve meg eit evig liv og ein heim i di kyrkje på jorda. Eg ber deg: Reis opp denne kyrkja di. Bevar henne i ei sann tru, fyll henne med din Ande, og leid henne ved ditt ord.
Må heile jorda minnast di liding og venda om til deg, og må alle folkeslag prisa deg.
Styrk og hjelp alle som blir forfølgde for ditt namns skuld, og gje frelse og vern til Israels land og folk. Amen!