Nettgudsteneste søndag 19.april kl 11.
Det er pastor Jens Thoresen som står for denne gudstenesta frå A til Å. Slik må det bli i tider som desse. Men me kjem sterkt att med større breidde, vonleg om ikkje så altfor lenge 🙂
Tema for talen: Tomas får møta den oppstadne Jesus!
Denne teksten frå Johannes 21 er berre heilt strålande, og inneheld mange lærerike poeng. Så følg med 🙂
1.påskedagsgudsteneste
Tidleg morgon, den første dag i veka, kom det ein engel frå himmelen ned i hagen, han var som eit lyn å sjå til. Han velta til sides steinen som hadde lukka Jesu grav, og ut kom JESUS. Det er 1.påskedag, og gleda kan ikkje vera større. Me har ein levande frelsar! Han sviktar aldri.
GOD PÅSKE!
I denne videosendinga forrettar pastor Jens Thoresen ei enkel gudstenestete, og i talen tek han opp dei argumenta som gjerne er blitt brukt mot at Jesus kan ha stått opp, at heile forteljinga berre er ein ønskedraum frå tilhengarane hans. Det er det ikkje. Alle ting talar for det motsette: JESUS STOD OPP, OG HAN LEVER I DAG. Så blir neste spørsmål kva dette betyr for oss. Det spørsmålet får også sine svar.