Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Sterk kveld med Den himmelske mann

 

Dei som tok turen til Leirvik bedehus i ettermiddag for å høyra på broder Yun, den himmelske mann, vart ikkje skuffa. Dei møtte ein kineser i storform som forkynte om Jesu kjærleik på ein måte som ein sjeldan får oppleva, ein bodskap fødd i stor smerte. I Kina i dag blir 1 million menneske kristne kvar månad. Den kristne vekkinga som rullar over denne nasjonen no har ingen make i kyrkjehistoria. Broder Yun er eit barn av denne vekkjinga, og ber preg av det.

Men det handla ikkje berre om broder Yun. Broder Ren, som m.a. er tolk for broder Yun, administrerer eit stort misjonsarbeid i mange asiatiske land, og han kunne fortelja at undergrunnskyrkja i Iran veks med ein årleg prosentrate på 20, og høgare kyrkjevekst finn du ingen stader i verda når me reknar i prosent. I dag er det rundt 2 millionar truande kristne i Iran. Då den islamske revolusjon råka landet i 1979 var dette talet nesten null. «Når eit land vert utsett for ein revolusjon, går Gud ved sida av dei revolusjonære og skaper sin eigen revolusjon», sa broder Ren nærast som eit mantra.

Me håpar å få ei lydfil av broder Yuns tale på lufta om få dagar 🙂

 

Bønn og ettertanke

15.september 2019

Ettertanke og bøn 12.september

12.september 2019

Gudsteneste søndag 15.september kl 11

Komande søndag er du velkomen med heile familien til gudsteneste i Kristkyrkja kl. 11. Me held for tida på med «dei ti boda». Tema for talen på søndag blir bod nr 4: «Du skal æra far din og mor di. Då skal det gå deg godt, og du får leva lenge i landet.» Pastor Jens Thoresen vil prøva å tala slik at det blir til glede og nytte både for store og små, og hovudfokus blir på familieliv. Vel møtt til fellesskap, lovsong, undervsning og nattverd.

Tale 1.september. Tema: «Du skal halda kviledagen heilag». Marit Aas

«Den himmelske mann» til Stord laurdag 21.september

Den 21.september får Stord for tredje gong besøk av broder Yun, den kinesiske kyrkjeleiaren som ein gong fekk tilnamnet «Den himmelske mann». Broder Yun er sjølve symbolet på den kraftige forfølginga mot kristne som me var vitne til i landet frå 1970-årene og fram mot år 2000, ei forfølging som dessverre dei siste par åra har teke seg kraftig opp att. Yun vart fødd i ein barnerik familie i Henan-provinsen på slutten av 1950-talet, og vaks opp i ei tid… Continue reading »

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?