Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Gudsteneste 1.september

Søndag er du hjarteleg velkomen til gudsteneste klokka 11. Det er Marit Helene Aas som skal tala, og emnet hennar er det tredje av dei ti boda: «Du skal halda kviledagen heilag!» Det er ingen tvil om at skal me lukkast i liva våre, må me ta dette bodet seriøst. I våre dagar er det ein ganske fjern tanke for dei fleste at dette skulle vera noko viktig. Men dukkar du opp på søndag, er eg sikker på at du vil forstå. Vel møtt med alle dine 🙂

 

Til ettertanke og bøn 28.august

28.august 2019

Tru, seksualitet og samliv. Innleiing til samtale i Leirvik bedehus.

Vidunderleg dåpssøndag

Me fekk ei kanonbra dåpsgudsteneste, med variert program og veldig god stemning. Petra Angeltveit Thoresen vart døypt, og ho såg ut til å trivast med oppmerksomheten.

Dagens tale. Tema: «Jesus og Nikodemus!»

Dåpsgudsteneste søndag 25.august

Komande søndag blir det familiegudsteneste med dåp kl.11. Det er Petra Angeltveit Thoresen som skal døypast. Alle er hjarteleg velkomen til å vera med. Pastor Jens Thoresen skal tala. Teksten blir Johannes 3,1-18.

 

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?