For å samkjøra lyd og bilete, må du opna sida i ei ny fane, slik at lyden kjem i ei fane og lysbileta i den andre. Då kan du lett følgja med på lysbileta under talen.
Gudsteneste søndag 7.april
Komande søndag er du hjarteleg velkomen med familien din til gudsteneste klokka 11. Pastor Jens Thoresen vil tala om kor fantastisk den Gud er som me trur på. Av og til blir livet veldig flokete, og me kan koma i situasjonar der me ikkje ser nokon utveg. Me må berre be til Gud. Men det er ikkje lite. For når tida er inne grip han mektig inn og løyser opp i det heile, og han løyser oss ut. Det skal me snakka om på søndag. VEL MØTT!
Fin gudsteneste i dag med minnestund for far til Polina Ilieva
Iliya Stefanov Petrov, far til Poli og bestefar til Nikolet og Johannes, døydde den 15 mars heime i den bulgarske byen Veliko Tarnovo. I dag markerte me hans bortgang med ei minnestund under gudstenesta.
Vidare har me fått oss eit nytt medlem. Ho heiter Siti Nysæther og er opprinneleg frå Bali. Eit flott tilskot til Kristkyrkjefamilien.
Bli kjent med Gud, del 12. Tema: GUD ER HEILAG.
Dei andre leksjonane i dette kurset finn du ved å trykka på skillearket øvst på sida merka «Grunnkurs i kristen tru og liv»
Neste gudsteneste blir 31.mars.
På gudstenesta søndag 31.mars vil pastor Jens Thoresen undervisa ut frå Salme 122. Det er ei salme som israelittane sang medan dei tre gonger om året gjekk opp til Jerusalem for å feira påske, pinse eller lauvhyttefest. Desse salmane handlar om verdien av fellesskapet mellom truande menneske, og om Guds store truskap mot barna sine. Det vil naturlegvis bli reflektert i talen søndag. Vel møtt til alle!