Vel verd å lytta til.
Dagens tale. Marit Helene Aas. «Kall til oppbrot og etterfølging». Matteus 9,9-13
Gudsteneste søndag 13.januar kl 11
Søndag er det Marit Helene Aas som skal tala. Emnet hennar er henta frå Matteusevangeliet 9,9-13 då Jesus nettopp kalla Matteus, evangelisten, til å bli hans læresvein. Det er ein fin og viktig tekst. Å vera kristen er jo «å følgja Jesus» og læra av han. Det er eit spennande liv, og ingen dag er lik for ein som er saman med Jesus. Lovsongen tek Ingvild og Knut Nordfonn seg av. Som vanleg feirar me nattverd, og det blir søndagsskule for barna, og det er Annbjørg N Reinertsen som tek seg av denne. Vel møtt til alle 🙂 !
Neste gudsteneste i Kristkyrkja blir 6. januar
Den 6. januar er det pastor Jens Thoresen som skal tala. Tema er henta frå Salme 29: «Gje Herren ære og makt!» Det er eit interessant og kristent sett eit grunnleggjande tema. Me trur ofte at alt handlar om oss, at Gud er til for at me skal ha det bra. Men slik er det ikkje. Alt handlar om Gud, og me eksisterer for å æra han. Hjarteleg velkomen til Bjellandsvegen 51.