Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Velkomen til St.Hansfeiring i Frelsesarmeen søndag 23.juni kl 16.

I år er me inviterte til å vera med å feira St.Hans saman med Frelsesarmeen i Vidstensvegen på Leirvik. Der er du velkomen kl 16. Ta med deg grillmat til deg sjølv, og litt i tillegg til folk som skulle dukka opp som ikkje har med seg grillmat. Pastor Jens Thoresen vil seia nokre velvalde ord om døyparen Johannes. Trur det blir interessant.

Velkomen til gudsteneste 23.juni kl 12

Pastor Jens Thoresen talar over Kolossarbrevet 4,2-6. Det er ein umåteleg interessant tekst som lærer oss mykje om korleis me skal leva for at lyset skal sigra over mørket i oss og rundt oss. Vel møtt!

GUDSTENESTE 16.JUNI kl 12

Alle er hjarteleg velkomen!

Pastor Jens Thoresen vil forkynna Guds ord. Det blir nattverd, forbønn og sosialt fellesskap over ein kopp kaffi.

Bibelpodkast

Salme 124 er ei bøn teken rett ut av dagens situasjon. Rakettar sendt mot Israels byar er som tenner som vil knusa folket. Men Israels Gud beskyttar folket sitt. Det er også vår bøn.

GODHET 2024 i gong

I år blir Godhet avgrensa til to dagar, 5. og 6. juni. Me er no i full gong med å fiksa opp i ein hage, og vil bli ferdig med det i løpet av dagen i dag. Kristkyrkjefolk og andre er ivrig med.

Bønneveke 10.-14.juni

Denne veka møtest me kvar kveld til bønn frå 18-19. Dei som kan, møter i kyrkja. Men det blir sett opp ein zoomlink også for dei som ikkje har høve til å møta fysisk. Kva me skal be om? Me ber for lokalsamfunnet, Noreg, nasjonar og unådde folkeslag. Den 15 juni reiser så mange av oss som kan til Stavanger (IMI-kirken) for å delta i det som kanskje blir historias største bønnemøte i Noreg. Det gjev perspektiv. Vel møtt!

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?