Søndag inviterer me til gudsteneste med hausttakkefest. Då feirar me først gudsteneste saman med barnesongar, lovsong, nattverd og tale (som denne gongen blir nokre raske skissar ut frå Salme 18,1-7). Så kjem det frukt og grønt på bordet, og me nyt Guds velsigningar medan me deler med kvarandre alt godt Gud har gjort for oss det siste året. Vel møtt kl. 11.00.
Godt og nyttig seminar om psykisk helse 20.-21.oktober med Sigbjørn Vindheim
Det var både inspirerande og lærerikt å lytta til Sigbjørn Vindheim i helga. Han fletta psykiatrisk forskning og bodskapen i Bibelen saman på ein fin måte for oss. Kjekt også å vera saman med Sagvåg indremisjon. Ein flott gjeng det. Vil du lytta til undervisninga, klikk deg inn på skillearket «psykisk helse» øvst på sida.
Gudsteneste søndag 23.september
Komande søndag er det pastor Jens Thoresen som skal tala på gudstenesta, og teksten er Matteus 8,1-4, og handlar om at Jesus lækjer ein spedalsk mann. Det er ei kort forteljing med mange fine element i. Her møter me Jesus som den som aldri seier nei til eit menneske i naud som vender seg til han. Det gjeld også deg, kjære lesar. Kom og lytt til Guds ord. Det har kraft i seg både til å lækja og frelsa.
Velkomen i Kristkyrkja kl 11
Tale 16. september. Håkon Carl Hartvedt.
Inspirerande, trøystefull og utfordrande tale av Håkon C Hartvedt på gudstenesta i dag. Vel verd å lytta til.
Håkon C Hartvedt talar og syng på gudstenesta søndag 16.september
Komande søndag er du hjarteleg velkomen til å høyra på Håkon C Hartvedt som både vil tala og syngja på gudstenesta vår. Det veit me blir kjempebra. Gudstenesta startar som vanleg kl 11