Søndag er det Jørn Rune Reinertsen som skal tala i Kristkyrkja. Ingenting avspeglar Guds karakter slik som hans godleik. Og kva einaste kristne menneske har erfart denne kjærleiken og er blitt forma av den. Difor gjer denne formaninga om å gjera godt mot alle god meining for oss. Det samsvarar med vår nye natur. På søndag vil du få dette enno meir konkret. Vel møtt saman med alle dine kl 11.
9.november: Fakkeltog for forfølgde kristne 2017. Motto: «Totalitær nasjonalisme knebler trusfridomen»
Også i år blir det fakkeltog i solidaritet med forfølgde kristne. Oppmøte på Leirvik torg kl 17.45. Torgmøte kl 18. Avmarsj rundt kl. 18.15. Appell på torget av Lisa Winter frå Stefanusalliansen. I kyrkja kan du få høyra den levande legenden Tim Peters, leiaren for Helping Hands Korea, ein organisasjon som hjelper nordkoreanske flyktningar frå Kina til Mongolia eller til Thailand, og derfrå til Sør Korea. Ikkje gå glipp av dette, då.
1. november: Fellesmøte i Stord kyrkje med Stan Donn klokka 19.00
Dette blir flott. Onsdag 1. november går Stord kyrkje, Kristent Fellesskap, Stord indremisjon og Kristkyrkja saman om å arrangera møte med den amerikanske forkynnaren Stan Donn. Stan Donn reiser i mange land og forkynner evangeliet og ber for sjuke. Store ting skjer. 1.november er han på Stord, og du er velkomen til å lytta og bli bedd for.