I dag, laurdag 23. sept. hadde me ein kjekk og sosial dugnadsdag utanfor kyrkja. Resultat: Plass til eit par ekstra bilar, kanskje 🙂 . Det kan trengast.
Program komande veke
Tysdag 19. september: Felleskyrkjeleg MANNSKVELD i Leirvik bedehus klokka 19.30
John Inge Rolfsnes leier lovsong. Pastor Jens Thoresen underviser over emnet «Ein mann etter Guds hjarta.»
Søndag 24. september: Gudsteneste kl 11. Pastor Jens Thoresen talar over emnet «Kristen vitneteneste i kvardagen.»
Tale over Kolossarbrevet 3,12-17 søndag 17.sept.
http://www.mediafire.com/file/hf62j0vl8phxqnp/2017_09_17_11_Kolossarbrevet_3%2C12-17.mp3
Mange i kyrkjelyden syntest denne talen var nyttig å lytta til. Kanskje du som ikkje var til stades også vil oppleva det slik?
Gode samtalar om Jesus i sol og septembervarme
I time etter time fekk me prata med folk om den betydniga Jesus Kristus har for oss menneske, og me fekk be for og velsigna mange sjuke. I den varme septembersola var folk i godlage, sette seg ned med oss for å drikka kaffi og snakka om livsens store spørsmål. På bilete ser du Marie Notland og Marit Helene Aas ved standen vår.
Gudsteneste søndag 17.september
Velkomen til gudsteneste komande søndag kl. 11. Pastor Jens Thoresen kjem til å tala over Kolossarbrevet 3,12-17, ein tekst der apostelen Paulus oppmuntrar oss kristne om å kle oss opp med gode kristne haldningar som medkjensle, kjærleik, audmjukskap, forsoningsvilje osv. Han vil at det skal lysa av liva våre. Me tenkjer vel ofte av slike ting skjer automatisk i liva våre når me kjenner Jesus, men det er ikkje slik. Det er val me må ta i kampen mot dei meir egoistiske tendensane som også er ein del av oss.
Det vert søndagsskule under talen. Vel møtt i fellesskapet.