Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Evangeliseringsveke

Mandag 7. til fredag 11. august konsentrerar me oss om å vinna menneske for Jesus.

Me skal vera saman ute på gata og bemanna stand med bøker, traktatar, hefter, kaffi og kaker. Ingen skal vera åleine. Me er alltid minst to i lag.

Målet er å få prata med folk om Jesus og få velsigna dei på så mange måtar som mogeleg.

Har du lyst å vera med? Meld deg på. Ring 47415864, eller bruk mailadressa: pastor@kristkyrkja.no

Evangeliseringsavisa me skal nytta kan du lesa HER: Tenk, tru og lev

Gudsteneste søndag 6. august

Ein god månads ferie er til ende.

Komande søndag startar me med haustens gudstenester, og med alt anna for den saks skuld :).

Denne hausten vil me jobba veldig bevisst med DISIPPELSKAP. Å vera ein kristen er på ingen måte identisk med å vera ein disippel. Ein disippel er ein person som dagen lang er fokusert på å hjelpa bortkomne menneske attende til Gud, for så å fostra dei (disippelgjera dei) til sjølve å bli menneskefiskarar.

Dette er eit ekstremt spennande og høgst naudsynt tema å løfta fram og begynna å leva i. Det er pastor Jens Thoresen som talar på søndag.

Velkomen i Bjellandsvegen 51 søndag kl. 11.

 

Dagens tale: Bli ven med Den Heilage Ande. Ingvild Nordfonn

På gudstenesta i Kristkyrkja i dag talte Ingvild Nordfonn strålande om korleis me kan utvikla nært venskap med Den Heilage Ande. Kanskje du skulle lytta til den? Mange av oss vart klokare i dag

http://www.mediafire.com/file/e3tmse019s9g1jc/2017_06_25_Ingvild_talar_om_Den_Heilage_Ande.mp3

Gudsteneste søndag 25. juni. Tema: Kva gjer Den Heilage Ande

Komande søndag er det Ingvild Nordfonn som skal tala i Kristkyrkja. Ho skal, som de ser, snakka om Den Heilage Ande og om det som er hans gjerning i liva våre.  Det gler me oss til å høyra. Vel møtt kl 11.

Gudsteneste søndag 18.juni. Tema: Fast grunnvoll

Komande søndag vil Jørn Rune Reinertsen tala over Matteus 7,24-29. Det er avslutninga på Bergpreika, og Jesus seier at dei som byggjer liva sine på det han har sagt i denne talen, byggjer på fjellfast grunn, og vil bli ståande i alle slags stormar. Men dei som neglisjerer Jesu ord og lever liva sine etter sitt eige hovud, vil koma til å lida nederlag når livsens stormar bryt laus.
Kom på gudstenesta søndag kl 11 og høyr meir om dette umåteleg viktige emnet.

Inga gudsteneste 11.juni

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?