23.-25. november får Kristkyrkja og Stord Bibelsenter besøk av Eva Olsvold Sundar og Dag Øyvind Juliussen og frå den norske avdelinga av Den Internasjonale Kristne Ambassaden i Jerusalem.
Israels land og det jødiske folk er alltid i fokus. Grunnen er enkel: Israel er Guds land og jødane hans spesielle utvalde folk som djevelen alltid vil gå til åtak på, noko me såg sist helg under synagogeskytinga i Pittsburgh, Pennsylvania då 11 jødar vart drepne utelukkande fordi dei var jødar. Difor er me glade for å kunna arrangera ei helg der me syner absolutt solidaritet med Israel og jødefolket, og der me kan læra meir om kva Gud seier om både folket og landet. Dag Øyvind Juliussen er dessutan ein mann som har god historisk kunnskap og som gjer stoffet både aktuelt og tidsnært.
Programmet vert slik: Fredag kveld kl.1900 i Ungdomshallen. Laurdag kl. 1100 til 1500, seminar med matpause (av eit eller anna slag). Laurdag kveld kl.1900 og siste møte søndag kl.1100. Fredag kveld kl 19 i Ungdomshallen. Laurdag og søndag vert møtene i Frelsesarmeen.
VEL MØTT TIL ALLE!